torsdag 26. mai 2011

Ei kjedeleg bok om ein negativ mann

Bokmelding av Marianne stokka

Tittel: Kaninbyen
Forfattar: Arild Rein                         Forlag: Det Norske Samlaget
Utgjeving: 2004

Kaninbyen er ein realistisk roman skrive av Arild Rein. Dette er den siste boka i ein serie på totalt tre bøker. Kaninbyen var ein del av prosjektet ”Hele byen leser” i 2008, som ein del av ”Kulturbyen Stavanger 2008”. Handlinga i boka er lagt til Stavanger, som er Arild Reins heimstad.

Kaninbyen handlar om den oppsagde politimannen Jonny Roxmann, som blei sparka fordi han leigde ut mora sin leilegheit til horer. Han treffer thailandske Kim som han tidleg får eit godt auge til. Jonny planlegg å tene nokon tusen kroner ved å selje bakte poteter på Gladmatfestivalen. Desse pengane vil han bruke til å flytte frå Stavanger til Tunis.

Med boka kaninbyen trur eg forfattaren vil vise lesarane korleis underverda i stavanger er. Prostitusjon, kriminalitet og kritikk av dei velståande og rike er berre nokon av temaa boka tek opp. Med kritikken av dei rike og velståande i Stavanger trur eg forfattaren prøver å vise lesaren kvar bortskjemde olja har gjort dei. På denne måten vert lesaren merksam på korleis vi som menneske opptrer blant andre og korleis vi skal oppfatte våre medmenneske.

Hovudpersonen Jonny Roxmann er ein voldeleg og kritisk småtjuv frå Stavanger. Han har store og hyppige svingingar i humøret. Jonny bruker eit kvardagsleg språk med mykje banneord. Det er to banneord, ”faen” og ”jævlig”, som går igjen i historia, og det i store mengder for å understreke Jonny sine meiningar. For meg vart dette vel mykje banning som gjer at historia vart dårlegare enn den elles kunne vore utan så mykje banneord.

Eg synast at denne romanen vert keisam når den ikkje inneheld spenningstoppar. Spenningstoppar gjer at ein får lyst til å lese ein roman ferdig. I romanen vert vi kjend med Jonny som har ei evne til å beskrive alt rundt seg på ein negativ måte. Eit eksempel på dette er når Jonny og Kim er ute og et:

Eit ungt par stod ved disken og betalte. Mannen bak disken hadde store, kvide tenner, ein aristokratisk nase og eit fårete glis. Eg skjøna faen ikkje korfor fyren hadde tynne gjennomsiktige plasthanskar på hendene. Han tok dei jo ikkje av då han tok imot pengane. Han snakka arabisk til fyren som satt  ved vindauget og nippa til ein kaffikopp, men slo raskt over til norsk i det det unge paret var på veg ut. (Rein. 2004. s. 31)

Denne negative vinklinga gjer at eg vert smitta av det negative og vert negativ til heile romanen. Eg meiner at denne romanen hadde vore mykje betre om ei positiv vinkling også hadde fått ein plass her. På denne måten hadde romanen vorte meir røyndomsnær, sidan røyndomen både har negative og positive sider.

Forfattaren av romanen har ein måte og formulere seg på som gjer at romanen nokon gonger vart morosam å lese.

Kolonihagehytta kunne eg bu i fram til første november, og endå lenger skeit eg i vedtektene. Det var ikkje innlagt vatn i hytta, ingen dusj, ingen dass. Eg pissa i ei bøtte og dreit nede i samlingshuset. Det var heilt ålreit. Eg kunne dusja nede på Sportsclub så mykje eg ville. (Rein. 2004. s. 13)

Denne morosame måten å formulere seg på gjer at eg som les klarer å lese romanen ut, og ikkje berre sitje igjen med dei negative kjenslene som eg har skrive om her.

Tittelen på boka Kaninbyen gjorde at eg i første omgang trudde at boka handla om kaninar, eller at ein kanin i det minste var involvert. Etter å ha lese boka fann eg ut at det ikkje var det boka handla om. Eg meiner at grunnen til at boka heiter kaninbyen er at Jonny samanliknar menneska i Stavanger med kaninar. Han meiner at menneska i Stavanger har ein liknande paringsvane som kaninane. På grunnlag av dette vert Stavanger samanlikna med ein by av kaninar, kaninbyen.

Boka kaninbyen skil seg ut frå andre bøker eg har lese. Dette er ei bok som eg ikkje ville tilrådd til mine venner. Eg meiner at den overdrivne banninga øydelegg historia. Utan denne banninga trur eg historia kunne vore underhaldande for mange fleire.

Kjelder:
Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Det Norske Samlaget. Oslo
Birkedal, Trond. 2011. Aftenbladet. Lokalisert 24.02.2011: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/rogaland/stavanger2008/1.6220314


Marianne Stokka 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar